Skip to content

Visjon

Visjon

«Framnes kristne vidaregåande skule er ein inkluderande skule og heim der alle trivest, blir møtt med tillit og respekt og får vener for livet. Elevane opplever personleg vekst, fagleg utvikling og eit godt åndeleg fellesskap».

Kva kan me tilby deg?

Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein internatskule med ca. 260 elevar. Om lag 220 bur på internatet. Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden. Skulen ligg i Norheimsund i Hardanger.

Me ynskjer å drive ein god fagleg skule med eit godt sosialt og åndeleg miljø.

Alle skal trivast på Framnes. Miljøarbeidarar saman med tilsette frå pedagogisk avdeling legg til rette for at du kan ha noko kjekt å fylle fritida med på Framnes.

På kveldstid kan du velje mellom bibelgrupper, lovsongsmøter, ulike idrettsaktivitetar, leik og moro i gymsalen, seminar, konsertar m.m

Framnes har symjebasseng, gymsal, buldrevegg, styrkerom, peisestove, fleire piano, utandørs fotballbane, sandvolleyballbane, brygge med stupebrett, naust som inneheld klassesett med kanoar og kajakkar.

Idrettslaga i Kvam har tilbod i mellom anna fotball, volleyball og handball. Det er kort veg til skisenter både i langrenn og alpint/telemark. Kommunen har også eit rikt kulturliv, med ei lang rekkje kulturelle aktivitetar, lag og foreiningar.

Ungdomskoret i Noheimsund/Øystese er populært, og mange framneselevar syng eller spelar der.

I juni 2017 vart den nye idrettshallen, Framnes Arena, opna. Satsinga er eit stort og viktig løft for skulen. Hallen har mykje å by på!