Ein vidaregåande skule med ei stolt historie
Framnes kristne vidaregåande skule (Framnes KVGS) har røter tilbake til slutten av 1800-talet. Forløparen, Framnes ungdomsskule, vart grunnlagt allereie i 1897.
Draumen
Skulen vart reist som eit «svar» på endringane i samfunnet. Kristne leiarar såg behovet for å oppretta eigne kristne ungdomsskular. Tanken møtte motstand, både i og utanfor kristne kretsar, men markante leiarar som Asbjørn Knutsen og Johannes Brandtzæg lét seg ikkje stogga.
Sistnemnde brann for tanken om å starta ein kristen ungdomsskule i Hardanger, og valet fall på «Prestholmen» i Vikøy. Kona hans, Thina Brandtzæg, fødd Heuch, var også oppteken av det som kunne gagna ungdommen, og støtta mannen heilhjarta i tanken om ein kristen ungdomsskule.
Draumen fekk «føter å gå på» ein laurdagskveld i januar 1896, i Gjestal på Jæren. Brandtzæg var på eit ungdomsmøte saman med presten Frost i Time:
«Den kvelden kom tanken, brått som eit lyn: Du skal flytta til Vikøy og byggja ein ungdomsskule der! Så sterk og klar var tanken at Brandtzæg reiste beint frå Gjestal og inn til Vikøy».
Fekk kapellanen med seg
Brandtzæg var kjend i Vikøy frå tida som leiar for indremisjonsskulen i Bergen, og seinare som formann i «Det norsk lutherske Kinamissionsforbund». Det vart mange turar innover fjorden frå Bergen. Han visste at det i Vikøy og nabobygda Øystese hadde vore eit «friskt og arbeidssterkt kristenliv heilt frå Hans Nielsen Hauge si tid». I tillegg fekk han god kontakt med soknepresten Christie og kapellanen hans, Realf Ottesen.
Kapellanen vart ein nøkkelperson i draumen om ein ny ungdomsskule. Brandtzæg trong ein nær medarbeidar, og denne mannen var Ottesen. Utan kapellanen kom planane til å verta skrinlagde, meinte Brandtzæg.
Ottesen sa først nei, men let seg til slutt overtala til å arbeida både som lærar og kapellan. Dermed var den første «knuten» løyst.
Kjøpte «Prestholmen»
Kort tid etterpå kjøpte Brandtzæg halvøya og gav plassen namnet Framnes. Slik vart den andre «knuten» løyst. «Seinare gjekk det meste av seg sjølv», skriv P. S. Eikrem i 25-årsskriftet frå 1922.
I 1897 starta byggearbeidet. Arbeidsfolket var i full sving og båtar la seg til i vågen for å lossa materialar og utstyr. Det eine bygget etter det andre reiste seg. Framnes-halvøya vart sakte med sikkert forma til ein skulestad for framtida.
Den første skulevinteren starta med tre lærarar; Johannes Brandtzæg, Halvor Fotland og Realf Ottesen. Dei var spente på kor mange som ville søkja plass på skulen. Karane sukka til Gud, og svaret var krystallklart: Hausten 1897 møtte det 51 elevar, ungdom frå store delar av landet. Søknadane om skuleplass på Framnes auka år for år. Fram mot 1920 var søknadstalet oppe i rundt 400!
Pengesterk og populær
Ein viktig grunn til at Brandtzæg lukkast i arbeidet var at han hadde pengar til å etablera og driva skulen av eiga lomme. Han var ikkje avhengig av løn frå organisasjonen han styrde og arbeidde for. Ville misjonen gje han litt løn, var det bra. Ville han ikkje ha løn, var også det gode greier. Han hadde frie hender, og samstundes hadde misjonsfolket og ungdommen stor tiltru til den visjonære Brandtzæg. Det var få religiøse talarar på den tida som trekte så mykje ungdom som han. På denne måten slo Framnes sprekker i den tidlegare oppfatninga av at all skulelærdom gjer skade, ut frå frykta for «fritenkinga».
Etter kvart som skulegang og utdanning vart ein større del av samfunnet, fann foreldra ut at det var tryggast å senda dei unge håpefulle til Framnes. Fleire foreldre fortalde om ungdommar som kom tilbake som «nye» menneske, i positiv forstand.
På denne måten vart Framnes omfamna av kristenfolket, og med det forsvann frykta for at skule og utdanning skulle føra dei unge bort frå kristendommen.
Leiinga la frå starten av stor vekt på lærdom, trivnad, glede og kristenliv. Dette resulterte i at Framnes-elevane fekk godt ord på seg i samband med opptak til høgare utdanning.
I skuleplanen frå 1922 står det:
«Skulen si uppgaava er aa gjeva unge menn og kvinnor ei vidaregaaande upplæring paa heilt kristeleg og national grunn, søkja vekkja og nøra personlegt kristenliv og sann fædrelandskjærleik og i det heile hjelpa dei unge til aa skyna si tid og sine uppgaavor. Skulen held elevarne til arbeid soleis at dei vert glad i aa arbeida og lærer sjaa stort paa alt ærlegt arbeid.»
Nye eigarar i 1913
Brandtzæg dreiv skulen fram til 1911. Då kjende gründeren seg ferdig med Framnes. Han vart meir og meir knytt til ytremisjonen (Kinaforbundet) og han var heller ikkje så pengesterk som tidlegare. Dette til saman gjorde at han valde å selja Framnes.
Ulike modellar vart diskutert, og til slutt vart skulen seld til indremisjonen i 1912, for 30.000 kroner.
Dei nye eigarane kjøpte «misjonsskulen» året etter for 17.000 kroner, og bygget vart gjort om til internat – og fekk namnet Vonheim. Dermed fekk ein del av elevane på Framnes bu på skulen. Det var også plass til internatkjøken, matsal og daglegstover.
Men dei som måtte bu rundt om i bygda tykte dette var urettferdig. Både lærarane og skuleleiinga forstod fort at dette på sikt kunne skada skulen. Difor var det berre ein utveg: Framnes måtte byggja internat. Men dette var lettare sagt enn gjort. Skulen hadde stor gjeld. Fanst det folk som var villige til å låna skulen enda meir pengar? Det gjorde det. Sparebanken i Vikøy gav lån mot pant i Framnes.
Huset som Brandtzæg hadde budd i vart i 1917 utvida og omgjort til internat med plass til 110 elevar.
Omfattande bygging
Men krava til lokalitetar endra seg. Det var statlege krav som i stor grad gav ungdomsskulane gode arbeidskår. Mellom anna kom det eit krav frå staten at alle skular skulle ha ein gymnastikksal. Leiinga innsåg at dei ikkje kunne komme forbi dette kravet utan å skada skulen og omdømmet. Samstundes ville dette auka gjelda ytterlegare. I tillegg hadde søkninga til skulen auka dramatisk. Behovet for større internat-kapasitet pressa på.
I 1919 vart det vedteke at skulen skulle utvidast. Det vart også reist ein kombinert gymnastikksal og festsal, føredragssal og ei ny fløy til Vonheim.
Det skulle no vera plass til 170 elevar på internatet.
I 1925 vart det bygd ny verkstad. I 1931 stod «Austheim» ferdig med seks nye undervisingsrom. I 1936 vart verkstaden bygd på.
I 1952 vart Vonheim utvida igjen. Daglegstova vart meir enn dobla i grunnflate, og bygget fekk tre familiehusvære og to hyblar. Den gamle trebygningen som hadde husa misjonsskulen «forsvann» i ombygginga. Dei gamle tømmerveggane vart slemma med murpuss på netting. På den måten vart bygninga sjåande ut som ein stor og solid betongbygning. Tidleg på 60-talet fekk aust-fløya ny brannsikker oppgang, og taket og loftet vart heva slik at skråtaket forsvann i tredje høgda.
Det vert for omfattande å nemna alt som har skjedd på Framnes når det gjeld utvidingar og byggeprosjekt opp gjennom åra. Bygningsmassen har blitt bytt ut eller bygd om etter kvart som behova melde seg. Bygningar som Gamlesalen, Framheim, Vonheim, Austheim, Helgheim, Vestheim og Ljosheim er namn som kling godt i Framnes-historia.
Folkehøgskule
Skulen har hatt mange praktiske liner. Frå starten av har dei hatt sin eigen status med god elevtilgang. Kvar line hadde eigen lærar, og elevane lærte mykje. Det var gode arbeidsresultat – som også var synlege. Resten av lærarstaben, teorilærarane, skulle dekkja resten av faga og klassane.
Som folkehøgskule utover 1970-talet måtte Framnes halda tritt med utviklinga elles i norsk skulevesen, med tilpassing av fag og liner. Utfordringane stod i kø. Skulen tilbaud mellom anna idrettsline og musikkline, i tillegg til dei klassiske folkehøgskulefaga norsk og historie.
Etter kvart vart det også tilbod om realfag, mellom anna oseanografi og EDB. Det vart også lagt inn fag som fokuserte på kristen leiartrening, og det vart undervising i nærradio og mediefag – med eige studio i Strandheim.
Overgang til vidaregåande skule
På 1980-talet vart det etablert ei bibel-line, i samarbeid med Lagets Bibel og evangeliseringssenter i Mandal. Skuleåret 1988/99 vart hestestell og riding valfag, og året etter vart det linefag. Dette var eit populært fagtilbod i dei siste folkehøgskuleåra på Framnes. Mot slutten av denne perioden hadde også lina for friluftsliv god søknad.
Men folkehøgskulane i landet opplevde nedgang i søkninga dei siste 20-åra fram mot 1990-talet. I 1993 vedtok eigarane av skulen å leggja om drifta frå folkehøgskule til vidaregåande skule.
Storbrann
Midt i denne omleggingsprosessen opplevde Framnes eit skremmande drama. Skulen vart ramma av ein storbrann.
Laurdagskvelden 5. februar 1994 hadde det vore huslydskveld i gymnastikksalen. Tilsynslæraren gjekk runden sin og sjekka om alt var i orden, rett etter midnatt. Litt etter klokka to oppdaga ein kollega at gymnastikksalen brann. På få timar brann den gamle fine bygninga ned til grunnen. Den nye peisestova over kontoravdelinga i Austheim strauk også med. Til alt hell vart ingen skadde i hendinga.
Takk vera eit godt oppgjer frå forsikringsselskapet Ansvar, ein flink arkitekt, eit rimeleg anbod frå byggmeisteren og rikeleg velsigning frå Gud, kunne ein ta i bruk eit flunkande nytt anlegg på 2.200 kvadratmeter allereie til elevstemna året etter. Den vonde brannen vart vend til noko godt.
Starta vidaregåande skule med 54 elevar
Då Framnes starta opp som vidaregåande skule i 1996, hadde skulen godkjenning for 120 elevar, ein klasse på kvart årstrinn i allmennfag og ein klasse i helse- og sosialfag. Det første året hadde Framnes 54 elevar. Året etter var godkjenninga på 293 elevar.
Då tok 130 elevar mot skuleplass. Året deretter var det full skule, med om lag 200 elevar.
I dag har skulen plass til om lag 260 elevar. Søkninga til skulen er framleis svært god!
Tekst: Lars Arvid Oma
Kjelder: «Framnes ungdomsskule, 25-aars skrift 1897-1922».
«Framnes 100 år».