Arrangement i 2019
Foreldredag 2. november
Velkommen til Foreldredagen på Framnes laurdag 2. november 2019!
Dette er ein viktig dag for å knyte kontakt mellom skule og heim, og me vonar at de kan sjå dykk i stand til å setje av mykje tid til Framnes denne dagen.
Det er fleire viktige møtepunkt. Den eine er samtalen med kontaktlærar. De melder dykk sjølv på til denne samtalen. Ønskjer de eit spesielt tidspunkt, må de vere tidleg ute, her gjeld prinsippet om første mann til mølla. Det er også ønskjeleg at de les gjennom kommentarane som den enkelte faglærar har skrive på Iskole. Kontaktlærar kan gi informasjon om alle fag.
Klassesamlingane er eit anna møtepunkt. Me ønskjer både elevane og foreldre velkomne til denne samlinga. Tema i haust er:
• Studieteknikk og læringsstrategiar. (Me set av tid på klassesamlinga til gruppearbeid om bevisstgjering av læringsstrategiar).
Eit tredje møtepunkt, er samlinga klokka 20.00 om kvelden. Her har miljøavdelinga og elevgruppa for misjonsprosjektet i fleire år laga til eit flott møte med fokus på misjonsprosjektet. Me ønskjer alle velkomne til denne samlinga!
Elevane inviterer også i år alle foreldre til å delta i Misjonsløpet. Misjonsløpet er ei viktig inntektskjelde for elevane sitt misjonsprosjekt. Det hadde vore flott om mange kunne vere med på dette, enten som heiagjeng eller deltakar. Løpet startar kl. 09.45.
De finn nærare informasjon om program og betaling for mat på baksida.
Vel møtt!
Med helsing
Framnes kristne vg. skule
Med helsing
Framnes kristne vg. skule
Harald Voster, rektor
PS: Interesserte kan ta med badetøy. Me reknar med at misjonsprosjektet arrangerer ope basseng.
Program for dagen vert slik:
Kl. 08.00 – 09.15 Undervisning for elevane
” 09.45 – 11.15 Misjonsløpet
” 11.45 – 12.30 Fellessamling i Framnes Arena.
NB! Forskjellig program for VG1, VG2 og VG3:
VG1
Kl. 12.30 – 13.00 Felles orientering om fagval for komande skuleår, VG1.
Stad: Framnes Arena.
” 13.10 – 14.30 Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.
Stad: 1A i klasserom G1, 1B i Biologirommet, 1C i klasserom C
” 14.30 – 18.30 Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg!
VG2 OG VG3
Kl. 12.40 – 14.00 Klassemøte for elevar og foreldre, leia av foreldrerådsrepr.
Stad: klassen sitt klasserom.
” 14.00 – 18.30 Elevar m/foreldre kan møta kontaktlærar el. andre tilsette.
Påmelding skal skje direkte til kontaktlærar/andre – sjå vedlegg!
GJELD ALLE KLASSETRINN
Kl. 15.00 – 17.00 Foreldrerådsmøte – rom 7. (Me kan slutte tidlegare, dersom me vert ferdige.)
” 15.15 Misjonsprosjektet sin basar/bingo i Peisestova
” 20.00 – 21.30 Møte i regi av miljøavdelinga. Stad: Peisestova.
Måltider:
Kl. 13.00 – 15.00 Middag
” 19.00 – 19.45 Kvelds
Pris for middag (påfyll er gratis, kvelds er inkludert)
Vaksen: 100,-
Born: 50,-
Familie: 200,-
NB! Me bed om innbetaling til kontonr 3000.17.21034 Vipps: 553173 Merk betalinga: Mat
foreldredag
Frist for betaling 4. november.
Kafè i peisestova o.a. tiltak for misjonsprosjektet
Skulen har dessverre ikkje ledige rom til overnatting for dei som ønskjer å vere heile helga. (Familie kan
sjølvsagt bu på elevrom.)
Treng de overnatting, kan de kontakta:
Oddland camping, Vikøy tlf 90 79 55 52
Vågen rom og hytteutleige, Vikøy « 56 55 25 21/90 93 40 06
Thon Hotel Sandven, Norheimsund « 56 55 20 88
Open Helg 29.11-1.12:
Er du 10. klassing og ynskjer å finna ut kva skule du skal velge etter ungdomsskulen? Då er du ekstra velkomen til å bli kjent med Framnes. I løpet av denne helga vil du få et innblikk i fagtilbud, fritidstilbud, bli kjent med elever og lærere, være publikum på årets talentiade + mange kjekke sosiale aktiviteter.
Program:
Fredag 29. november:
18.45 – 19.30: Kveldsmat
20.00 Velkomstsamling
Diverse «bli-kjent-aktivitetar» og kafé
24.00 Innetid!
Laurdag 30. november:
08.30 – 09.30: Frukost
10.30 – 12.30 Bli kjent med Framnes og fagtilboda! Gaida turar.
13.00 – 14.00 Lunsj
13.30 – 14.30 Informasjon
15.00 – Aktivitetar (t.d. fotball, volleyball, spill, frisbee, juleverkstad)
18.15 – 19.00 Kveldsmat
20.00 Talentiade (100 kr)
Gratis pølser
01.00 Innetid
Sundag 1. desember:
09.00 – 10.00: Frukost
Heimreise! (sjekk korleis du skal reise heim)
Påmeldingsfrist: 20. november. Send påmelding til: lisbeth.oma@framnes.vgs.no
Faste arrangement gjennom året:
Foreldrelaurdag i overgangen oktober/november:
Fellessamling kl. 11.45. Varer ca. 1 time.
Klassesamlingar («langt») og Foreldrerådsmøte etterpå.
Foreldre kan tinga samtale med kontaktlærarane og evt. andre.
Foreldrelaurdag i starten av februar:
Fellessamling kl. 11.45. Varer ca. 1,5 timar.
Klassesamling («kort») og Foreldrerådsmøte etterpå.
Foreldre kan tinga samtale med kontaktlærarane og evt. andre.
Avslutningsfest for Vg3 i juni:
Festmiddag kl. 16.00.
Fest i idrettshallen etterpå.